Ta deg tid til å lese dette elbildiktet: L – om elbilar og eldbilar

Dikt? Det driver vi vanligvis ikke med her på elbil.dev08.dekodes.no, for å si det forsiktig. Men for dette diktet gjør vi et unntak …
– Det har ingen moral, eigentlig, berre leik med ord. Men kanskje andre elbilegarar kan ha moro av å lesa det, skriver Elbilforeningen-medlemmet Knut Anton Mork* om diktet han uoppfordret sendte til elbil.dev08.dekodes.no.
Og vi tror faktisk han har helt rett i at mange av dere kan ha både moro og glede av å lese det. Det hadde i hvert fall vi.
Vær så god, snurr dikt:
L
Om elbilar og eldbilar
Av Knut Anton Mork
I byrjinga var alle bilar eldbilar.
Med det meinast det at dei vart drivne av eld.
Ein elektrisk impuls skapte ein eld
so vesal at det berre var gneistar.
Gneisten fekk gassblandinga i stempelet til å eksplodera.
Eksplosjonen dreiv stempelet nedover.
Men det var ikkje nok,
for hjula skulle gå rundt, ikkje opp og ned.
Difor gjorde veivakselen opp-ned-rørsla om til omdreiing.
Og til slutt rakk omdreiinga fram til hjula,
som var dei som til sist dreiv eldbilen framover.
Nokre av eldbilane var L-bilar.
Ikkje elbilar, men L-bilar.
Det var bilar som høyrde heime
på Jæren, i Ryfylke, på Karmøy eller på Haugalandet,
i Rogaland fylke.
Jamvel om L-bilane var eldbilar,
såg ingen ut til å verta forvirra av det.
Nokre av dei som kunne det franske språket,
byrja å tala om elle-bilar og il-bilar.
Bilar for henne og bilar for han.
Men il-bilane laut me vraka
av di namnet likna for mykje på bokmålet.
So kom hybridane.
Namnet kunne få ein til å tru
at hybridane kom frå Hebridane.
Men hybridane kom ikkje frå Hebridane.
Hybridane kom frå eit anna øyrike
på hi side av jorda.
Hybridane kom som eit slags mellomspel.
Eit mellomspel som ikkje førte nokon stad hen.
Dei skulle liksom vera både eld og el på same tid.
Dei trong mindre eld enn eldbilane
og laga sin eigen el medan dei køyrde,
Eller aller mest når dei stogga.
Utan eld klara dei seg endå ikkje.
Endeleg kom då den eigentlege elbilen.
Heilt utan eld. Berre el.
Og elmotoren gjekk rundt frå fyrsten av,
slik at omgjering frå op-ned til rundt
ikkje lenger var turvande.
Dei eigentlege elbilane hadde ingen eld,
anna om det braut ut lauseld i batteriet, då.
Eller om ladaren i garasjen tok fyr.
Mange vart fælne av elden i elbilane.
Om lag samstundes dukka det opp
ein annan slags L-bilar.
Det var bilar merkte med ein raud L på kvit bakgrunn.
Dei trong ikkje vera elbilar.
Dei kunne òg vera eldbilar.
Men ein raud L på kvit bakgrunn
innebar at den som køyrde bilen trong å læra meir
før han eller ho kunne køyra på eiga hand
utan L på bilen,
anten om bilen no var el eller eld.
Dei eigentlege elbilane fekk òg eigne bokstavar.
Mein éin bokstav var ikkje nok,
dei laut ha to.
Det lyt alle bilane i fedrelandet.
Men for elbilane var den fyrste alltid E.
I byrjinga var det berre EL—el.
Men tala som måte høyra med, rakk ikkje til.
So styresmaktene måtte ty til andre bokstavsamansetjingar
som EK, EV, EB, EC, EE, EF, EH og no EJ.
«Ej», slik sunnmøringane seier
når dei talar om seg sjølve.
Det gjer dei rett som det er.
Ein dag fær me vel og bilskilt med EU.
Men det kan me knappast oppleva før fedrelandet
melder seg inn i den europeiske unionen.
Og det vil vel ikkje henda
før elden frå Lillehammer sloknar.
Men om elden sloknar,
vil elbilane leva vidare.
Med el heilt utan eld.
* Knut Anton Mork (78) har doktorgrad fra amerikanske MIT og var tilknyttet ulike amerikanske universiteter på 70- og 80-talet. 1990 ble han sjeføkonom i Handelsbanken, etter det var han professor ved NTNU. Dessuten skriver han jevnlig kommentarer, analyser og kronikker i Dagens Næringsliv.